![Politibil. Lisens: Fri bruk, pixabay.com](https://profesjon.no/wp-content/uploads/2018/09/politibil-pixabay-cc0-100x100.jpg)
Politibil. Lisens: Fri bruk, pixabay.com
Talet på politifolk i Noreg har gått rett til vêrs dei siste fem åra. Likevel blir det ropa om krise i politiet, og sakene hopar seg opp.
Høgre og Framstegspartiet lova å styrkje politiet monaleg om dei kom i regjering, og den lovnaden har partia halde til gagns – i alle fall på papiret. I år er det 17.025 årsverk i norsk politi, mot 14.770 ved utgangen av 2013, syner dei siste tala frå Politidirektoratet. Og det er ikkje slik at heile stillingsveksten går til administrasjon: Aldri før har Noreg hatt så mange politifolk som no, og regjeringa er på god veg om å nå målet sitt om to politifolk per 1000 innbyggjarar.