130 korona-millionar tildelt 30 prosjekt

Kristin Hofsø. Foto: OUS-research

Over 100 fagmiljø hadde meldt seg då Forskingsrådet delte ut 130 millionar kroner til koronaforsking denne veka. Hasteutlysinga blei tildelt 30 prosjekt, som involverer 78 fagmiljø. Både helse- og høgare utdanningsminister var på plass på Rikshospitalet då eitt av prosjekta blei presentert. Kristin Hofsø er intensivsjukepleiar og postdoktor ved Oslo universitetssjukehus, og leiar prosjektet Survival rates and long-term outcomes for patients with COVID-19 admitted to Norwegian ICUs". Prosjektet handlar om overleving og seinplager etter intensivbehandling av Covid-19.

Les mer...