130 korona-millionar tildelt 30 prosjekt

[caption id="attachment_6931" align="alignright" width="254"] Kristin Hofsø. Foto: OUS-research[/caption]

Over 100 fagmiljø hadde meldt seg då Forskingsrådet delte ut 130 millionar kroner til koronaforsking denne veka. Hasteutlysinga blei tildelt 30 prosjekt, som involverer 78 fagmiljø. Både helse- og høgare utdanningsminister var på plass på Rikshospitalet då eitt av prosjekta blei presentert. Kristin Hofsø er intensivsjukepleiar og postdoktor ved Oslo universitetssjukehus, og leiar prosjektet Survival rates and long-term outcomes for patients with COVID-19 admitted to Norwegian ICUs". Prosjektet handlar om overleving og seinplager etter intensivbehandling av Covid-19.

Hofsø fortel til Khrono at ho var open for at ein av legane kunne vere leiar av prosjektet, sjølv om ho var den mest sentrale personen i å utforme det. — Eg tenkte at vi hadde eit godt prosjekt og god protokoll, men så får ikkje alle midlar. Då byrjar ein å tenke: korleis gjer dei denne sorteringa? Då er det dessverre slik at eg trur at namn og tittel har ein del å seie. Namn, kva slags forskingaktivitet ein har hatt, men også profesjonen trur eg er av betydning, dessverre, seier Hofsø til Khrono.

Les meir på Khrono