Vegvesenet føreslår høgare terskel for 4-felts motorveg

E18 ved Kristiansand Dyrepark, foto Devo, CC BY-SA 3.0, via Wikimedia Commons
E18 ved Kristiansand Dyrepark, foto Devo, CC BY-SA 3.0, via Wikimedia Commons*
E18 ved Kristiansand Dyrepark, foto Devo, CC BY-SA 3.0, via Wikimedia Commons

Vegvesenet vil slanke nye motorvegprosjekt. I dag er det opna for byggjing av 4-felts motorveg om 6000 bilar brukar vegen i døgeret. Vegvesenet legg no fram tilråding om at det minst må 8000 bilar til for byggjing av firefelts veg. Samstundes rår dei til at det også kan byggjast firefelts veg for 90 og 100 km/t. Det vil gjere det mogleg å følgje topografien betre.

Vegvesenet meiner også at to/trefeltsveg er tenleg i mange tilfelle, og til lågare kostnad enn 4-felts veg.

Likevel rår Vegvesenet til at E39 Hordfast blir bygd for 110 km/t, medan dei rår til at fleire andre vegprosjekt blir skalert ned.

Les meir i VG