NTNU med varsame retningsliner for bruk av KI

Eve av JCThornton, Devianart, CC-by 3.0
Eve av JCThornton, Devianart, CC-by 3.0*
Som første institusjon innanfor høgskule- og universitetssektoren arbeider NTNU no med retningsliner for bruk av kunstig intelligens. Heine Skipenes ved IT-avdelinga ved universitetet sier at det er naudsynt å vere varsam i starten. Han fortel til Khrono at dei har laga ei sandkasseløysing for NTNU med Microsoft si KI-løysing. Likevel er han ikkje trygg på kor data ein matar roboten med eigentleg blir av. Microsoft lovar at dei blir sletta, men ‘du veit no aldri’, seier Skipenes. Ein kan ikkje ‘kose seg på serveren’.

Difor rår NTNU i framlegget til ein ikkje nyttar KI til å ta avgjerder som involverer andre personar eller avgjerder som påverkar NTNU si verksemd. Professor i KI Morten Goodwin ved Universitetet i Agder meiner dette er veldig restriktivt, og typisk utslag av at det er IT-avdelinga som lagar retningslinene – ikkje folk som er gode på KI.

Les meir på Khrono