UNIO kjempar for den norske modellen

Boksehansker Michelle Leman Pexels CC0Denne veka startar forhandlingane om ny hovudavtale i staten. – Hovudavtalen er utruleg viktig for dei tillitsvalde hos oss, fordi han regulerer medbestemmelsen dei tilsette har. Men han er først og fremst viktig for samfunnet vårt fordi han bidrar til gode og omforeinte løysingar  i arbeidslivet – til dømes i vanskelege omstillintsprosessar, seier Guro Elisabeth Lind til Utdanningsforbundet.no. Lind er forhandlingsleiar for Unio.

Unio Stat skal forhandle om hovudavtalen saman med LO, YS og Akademikarane, med Kommunal- og distriktsdepartementet som statleg motpart.

Unio vil utvikle vidare det dei kallar ‘den norske modellen’. Då er gode arbeidstilhøve for dei tillitsvalde viktig.

Les meir på undervisningsforbundet.no