Guterres: – Vi fører krig mot naturen

Antonio Guterres 2012 Photo by Eric Bridiers Public domain
Antonio Guterres 2012 Photo by Eric Bridiers Public domain*
Generalsektretæren i FN Antonio Guterres opna naturtoppmøtet i Montreal slik:

– Vi fører ein krig mot naturen.

Og han heldt fram slik: – Med vår botnlause appetitt for ukontrollert og ulik økonomisk vekst, har menneska blitt eit masseutryddningsvåpen.

– Vi behandlar naturen vår som eit toalett, og til slutt tek vi sjølvmord som følgje av det. Dette toppmøtet er vår sjanse til å stoppe desse øydeleggingane, sa Guterres ved opninga av møtet.

Dagen etterpå følgde han opp med å peike på at vi treng regjeringar som lagar ambisiøse nasjonale handlingsplanar som vernar og bevarer naturen sine gåver. – Den triste sanninga er at vi har rota det til for oss her på jorda. Vi kan ikkje be borna våre rydde opp. Gløym draumane til milliardærane. Det finst ingen «Planet B». Det er berre ved å investere i jorda sine verdiar at vi kan sikre framtida vår. Det er på tide at verda kan samle seg om eit ambisiøst rammeverk for biologisk mangfald – ei ekte fredspakt med naturen, slik at vi får ei grøn, sunn framtid for alle, sa Guterres på pressekonferansen.

Følg med i kva som skjer på konferansen på NRK.no

Verdas Villmarksfond (WWF) har publisert sine krav og ønske til ein ny bindande internasjonal naturavtale her.