Open dør for studentar og akademikarar frå Ukraina?

Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe lovar å leggje til rette flyktningar frå Ukraina som ønskjer å studere. På spørsmål i Stortinget frå Sofie Høgestøl (V) om kva han vil gjere for studentar og akademikarar som kjem til Noreg som flyktningar i løpet av våren slik at dei skal kunna studere frå hausten av. «Det ska æ fiks» svara ministeren.

Ministeren sa at det ville vere meiningslaust å la nokon frå Ukraina vil studere til hausten, måtte vente eit heilt år.

Freddy Øvstegård (SV) spurde ministeren kva han ville gjere for opposisjonelle studentar og forskarar i Russland, og om det kunne vere å hjelpe til å få dei ut av landet. Moe svara at alt statleg samarbeid om forsking med Russland er stogga, men han ser for seg at dette før eller seinare vil takast opp at på vanleg og fredeleg vis.

Les meir på Khrono