Nytt

Rettssak: 45 arbeidarar saksøkjer firma for diskriminering av organiserte

NNN logo

NNN logo

I går starta rettssaka der LO-forbundet Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeidarforbund (NNN) har saksøkt Sund Laksepakkeri for diskriminering av 45 arbeidarar. Forbundet krev oppreising av erstatning for at ingen av dei organiserte arbeidarane fekk jobb då Sund Laksepakkeri etter at Norse Production slo seg konkurs. Alle saksøkarane var tilsette i Norse Production fram til det gjekk konkurs, og Sund Laksepakkeri starta opp ny drift berre tre dagar etter konkursen.

NTL krev forhandlingar om kontorlandskap på nye Kronstad

Nybygg Kronstad. 3d-tekning frå Kruse Smith og L2 arkitekter as

Nybygg Kronstad. 3d-tekning frå Kruse Smith og L2 arkitekter as

NTL ved Høgskulen på Vestlandet krev forhandlingar om arealdisponering i det nye K2-bygget på Campus Kronstad. Det nye bygget er lansert som eit flaggskip for moderne undervisning. Men no ser det ut til at stort sett berre administrativt tilsette ønskjer seg til nybygget, medan ingen fagmiljø som driv undervisning og forsking, og som idag held til i K1-bygget, ønskjer seg til det nye bygget. Årsaka er truleg at i nybygget er Statsbygg si ramme på 23 kvadratmeter per ansatt lagt til grunn. Det vil føre til at dei fleste arbeidsplassane i bygget blir i landskap.

NOKUT gransker seg selv

NOKUT - logo

NOKUT – logo

9. mai la Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (Nokut) fram sin rapport om fagmiljø og utdanningskvalitet på et frokostmøte i Oslo.

— I lys av de endringer som har funnet sted så må vi i Nokut se til vårt eget regelverk og spørre om dette er godt nok tilpasset dagens og morgendagens utdanningslandskap, skriver rapportforfatterne i en kronikk i Khrono.

Kuttar fusjonsstøtte til offentlege høgskolar – gir til private

Berit Rokne, rektor ved HVL. Foto HVL

Berit Rokne, rektor ved HVL. Foto HVL

Regjeringa flyttar 15 millionar som var sette av til fusjonsstøtte for offentlege høgskolar og universitet. Pengane blir no delte mellom Unit – Direktoratet for fellestenester og IKT innan høgare utdanning – og private høgskolar. Unit får 6 millionar, medan private høgskolar får 9 millionar kroner.