Kuttar fusjonsstøtte til offentlege høgskolar – gir til private

Regjeringa flyttar 15 millionar som var sette av til fusjonsstøtte for offentlege høgskolar og universitet. Pengane blir no delte mellom Unit – Direktoratet for fellestenester og IKT innan høgare utdanning –  og private høgskolar. Unit får 6 millionar, medan private høgskolar får 9 millionar kroner.

Rektor Berit Rokne er lei for at støtta blir kutta. Ho meiner fusjonsarbeidet ikkje er i mål, og at det kostar mykje å byggje og utvikle ein nyfusjonert fleircampusinstitusjon. — Det er vanskeleg å stipulere kva ein fusjon kostar, seier ho til Khrono.no. – Det går heller ikkje an å tidfeste når fusjonsarbeidet er gjennomført. Dette er eit arbeid som strekker seg over fleire år, som krev store midlar og menneskelege ressursar. Ut i frå det burde departementet haldt fram me å stimulere arbeidet med eigne Saks-midlar, seier Rokne vidare.

Les meir på Khrono.no