NTL krev forhandlingar om kontorlandskap på nye Kronstad

NTL ved Høgskulen på Vestlandet krev forhandlingar om arealdisponering i det nye K2-bygget på Campus Kronstad. Det nye bygget er lansert som eit flaggskip for moderne undervisning. Men no ser det ut til at stort sett berre administrativt tilsette ønskjer seg til nybygget, medan ingen fagmiljø som driv undervisning og forsking, og som idag held til i K1-bygget, ønskjer seg til det nye bygget. Årsaka er truleg at i nybygget er Statsbygg si ramme på 23 kvadratmeter per ansatt lagt til grunn. Det vil føre til at dei fleste arbeidsplassane i bygget blir i landskap.

– Kor mykje er arbeidslokale?

Hovudtillitsvald for NTL ved HVL, Tone Skjerdal, fortel til Khrono at foreininga ikkje har fått svar frå leiinga ved høgskulen på kravet om forhandlingar. — Vi vil se på kartet hvor mye areal som faktisk blir regnet som arbeidslokaler, og mener at dette må fastsettes i en protokoll. Vi vil forsikre oss om at det er avsatt nok areal til arbeidslokaler i forhold til antall ansatte som skal jobbe der. Areal avsatt til andre formål kan for eksempel være hvilerom eller spiserom, men disse skal ikke regnes som arbeidslokaler. Og rommene som skal regnes som arbeidslokaler, må selvsagt tilfredsstille Arbeidstilsynets krav når det gjelder dagslys, luft og kvadratmetre, seier Skjerdal til Khrono.

Rektor Berit Rokne viser til at kravet frå NTL vil bli tatt opp seinare i eit møte med alle organisasjonane på høgskulen.

Diskusjonen har gått høgt om det nye bygget over lang tid. Arbeidstilsynet gjorde i juni i fjor ein inspeksjon, og konkluderte med at bygget ikkje var kome lenger enn at det var mogleg å gjere om på romplanen. Men på hausten annonserte leiinga at romløysinga var vedtatt og ikkje var til å endre. Nyleg blei saka teke opp i styret for HVL der Tom Skauge i ein protokolltilførsel sa seg lei for mellom anna at dei tilsette ikkje har blitt tekne tilstrekkeleg med på råd.

Les meir på khrono.no