Kvifor du ikkje vil bli lærar

Lærer via Pixabay
Lærer via Pixabay*
No er det på tide at vi snakkar høgt om meir enn løna, KS og dei naive politikarane.

Av Trudi Henrydotter Eikrem
Trykt i Klassekampen 15. mai 2023.

Ingen vil bli lærar i dette landet lenger. Er det så vanskeleg å forstå?

La oss starte med utgangspunktet. Framtidige lærarstudentar har bagasje med inn i lærarutdanninga. Tretten år i ein skule med testing og fokus på prestasjonar i klasserom fylt av redde, slitne, stressa og utagerande menneske. Tretten år i ein skule eksponert for lærarar med svært ulik tilnærming til menneske og undervisningspraksis. Tretten år i ein skule styrt av ein produktivitetslogikk som skaper sjefar og ikkje leiing. Dette skaper ein særskilt dynamikk.

Den ujamne kvaliteten i arbeidet til norske lærarar heng saman med ei lærarutdanning som har hatt låg vilje til å fornye seg. Stagnasjonen vitnar om ein introvert og imuplsfattig sektor som tviheld på retten til å definere innhaldet og dermed behova til norske lærarar.

I dag treng profesjonsutøvarane langt meir enn kunnskapsoversikt. Bortfall av fagfellevurderte lære bøker blir framstilt som eit gode i lys av vår tids mantra og største luremus: fridom! Oppheving av fagfellevurderte lærebøker handla om marknad og konkurranse. Argumentet om lærarens fridom vart skyfla framom for å få gjennomslag og skape legitimitet til dette politisk-ideologiske valet. Ordninga har spist av lærarane si dyrekjøpte og tilmålte tid. Dei må kvalitetsvurdere mykje av sarvet som er i omløp. Føresetnaden for å gjere slike kritiske vurderingar må oppøvast. Systematisk øving startar i norsk lærarutdanning – skjer det?

I arbeidet med å sikre lærestoffet og lage undervisningsopplegg har læraren mange omsyn å ta. Det å vere midt i blant det menneskelege mangfald er blitt eit farleg farvatn. Den som kjenner seg mobba er det, per definisjon. Utan objektive kriterium, eller i det minste eit mangfald av omgrep som reflekterer alvorsgrad, er det ikkje mogleg å navigere. Barn har ikkje lenger eit språk for menneskets mørke sider, og erting, plaging, fanteri, skurkestrekar, bøller og dritungar, er for lengst fasa ut omgrep. Overgrep, krenking og mobbing er det vi står att med.

Mangelen på desse nyansane er til skade for barn – det er farleg, det tilslører livets realitetar, som at menneske har konstruktive og destruktive krefter som det ikkje alltid er like godt å tøyle. Vi står att med mobbing som det eine, og omgrepet vart i 2017 knytt til lovverket og paragraf 9A. Tenkte nokon på å gi lærarar og skuleleiarar øving i konflikthandtering før språket vart nedlagt, etterfylgt av paragrafar? I kva grad reflekterer utdanninga behovet for å drøfte nyordningane?Dei nyutdanna lærarane skal inn i skulen å rydde seg ein kvardag til å leve med. Blant barn med mange utfordringar og foreldre som kanskje har enno fleire. Skulen er ein organisme som har ein egalitær struktur – du gjer ikkje karriere som lærar. Du kan i høgda få foreldre si anerkjenning, og kanskje noko frå kollegaane. Den største utfordringa er likevel at leiinga er forma av nyliberal ideologi – og tek rolla som sjef i motsetning til den gong då rektor var den fremste blant sine like.

I ein egalitær kultur treng ein nettopp leiing. Leiing er inkludering. Leiing er basert på fellesskap, fagleg jambyrdigheit og støttande kollektiv. Leiing blir gjennomført av den som har kollektivets tillit. Leiarar legg til rette for danning. Sjefar fokuserer på produktivitet.

I skulen var målet danning – som i siste instans betydde at skulen si gjerning var å gjere samfunn og individ siviliserte gjennom opplysning. Unge skulle bli gagns menneske – i motsetning til i dag då det handlar om unges kompetanse . Omgrepsbruken avslører paradigmeskiftet; unge skal inngå i maskineriet som skaper økonomisk vekst, i kontrast til menneskeleg vekst.

Lærarar skal produsere vekst, og lærarar blir målt på prestasjon på same måte som elevane. Sjefane i skulen blir også målt av overordna sjefar, og vil ha ryggen fri – og skulen blir deretter. Den tyngste børa i dette systemet ber elevane. Som skal prestere etter press og stress som lærarane signaliserer medvite og umedvite, som skaper angst i foreldre, som sjølve bidreg til å presse barn. Barn som på ulike måtar bryt saman og får utdelt diagnosar og medisinar slik at alle vi som skulle vere vaksne, kan fråskrive oss ansvaret ved å legge det på barnet sjølv. Vi har alle ryggen fri. Bortsett frå barnet.

Desse problemstillingane må løftast fram i lærarutdanninga. Det er sjølvsagt krevjande i ein konsensusorientert norsk tradisjon. Men det er feigt å ikkje drøfte den nyliberale styringa og konsekvensane av den. Det er feigt å ikkje drøfte legemiddelindustriens og ekspertregimets injisering av droger for å forhindre barn i å protestere mot overprøvinga av sin natur. Det er feigt av politikarar å ikkje lytte og legge til rette for at skulen kan løyse eigne utfordringar. Det er feigt å ikkje stå opp for lærarar og foreldres evne og rett til å hjelpe eit barn i rammene av sunn fornuft. Unge vaksne har observert og erfart alt dette.

I si perverterte form blir alt ansvar komprimert og pålagt den som ikkje er i stand til å riste det av seg. Dei yngste. Dei minste. Dei mest sårbare. Så får vi det samfunnet vi skaper. Dette er erfaringsgrunnlaget til norsk ungdom. Dei same ungdomane som politikarar no riv seg i håret over fordi dei ikkje vil bli lærarar. Læring handlar om varig endring av oppleving og åtferd som følge av erfaring. Norsk ungdom har lært at dei ikkje skal bli lærarar. Og då har vi ikkje ein gong nemnt KS og løna.

I lærarutdanninga treng vi ein ny og utvida dagsorden! Å vere modig har alltid vore ein nødvendig kvalitet for ein lærar. No er det på tide at dette vert reflektert også i utdanninga.

Tidlegare trykt i Klassekampen 15. mai.
Publisert med godkjenning frå forfattaren og Klassekampen