Klimamålet utanfor rekkevidde

Norske klimagassutslepp og klimamål 2030, NRK, kjelde: SSB
Norske klimagassutslepp og klimamål 2030, NRK, kjelde: SSB*
Norske klimagassutslepp og klimamål 2030, NRK, kjelde: SSB

Ein rapport frå staten sine samferdsleetatar konkluderer med at det ikkje er mogleg å få til kutt på 55 prosent innan 2030: «Dei gjennomførte analysane viser at det ikkje er mogleg å nå klimamåla med realistiske tiltak og tilhøyrande nødvendig verkemiddelbruk innan 2030,» heiter det i eit notat som følgjer med rapporten.

– Bodskapen er at sektoren ikkje kan redusere klimautsleppa med 55 prosent med dagens verkemiddel, presiserer Kjell Solem, kommunikasjonssjef i Statens vegvesen, til avisa Altinget.

«Grøn bok» – regjeringa sin klimastatus som blei lagt fram saman med statsbudsjettet, synte at landet ligg langt bak ruta for å nå målet om 55 prosent kutt i 2030. Statusen tyder på at det blir styrt mot kutt på 35 prosent.