Som Sisyfos: Faglig motmakt i det nye arbeidslivet

Publisert 2014

Anleggsarbeidere, cc0, pxhere.com
Anleggsarbeidere, cc0, pxhere.com*
Isak Lekve: Som Sisyfos: Faglig motmakt i det nye arbeidslivet. I ei PhD-avhandling i sosiologi ved UiB finn Isak Lekve at det går føre seg ei gradvis overføring av makt frå arbeidstakar til arbeidgjevar i norsk arbeidsliv. Avhandlinga undersøkjer vilkåra for å byggje fagleg motmakt i det nye arbeidslivet. Gjennom casestudiar av norske fagforeiningar i byggebransjen og fiskeforedlingsindustrien, konkluderer avhandlinga med at det eksisterer ein organisatorisk vitalitet på grunnplanet i norsk fagrørsle. Likevel, på grunn av større strukturelle endringstendensar i norsk arbeidsliv, opplever fagrørsla gradvis maktforskyving og nederlag. Dette fører til at den norske modellen forvitrar, og det å byggje fagleg motmakt i det nye arbeidslivet blir ein evig kamp.

Les avhandlinga på UiB