Inger Helen Midtgård har publisert ei forteljing om motstandsarbeidet mot atomkraftverket som var planlagt på Hodneland i Lindås for snart 5o år sidan.
Den ope publiserte artikkelen i Heimen gir dette samandraget:
«Me har ingen atomkraftverk i Noreg. Dette skuldast mellom anna den sterke folkelege motstanden her til lands. Eit døme er motstanden i to bygder i Lindås, Ostereidet og Hodneland i 1974. 1 Deltaking i denne lokale konteksten er mitt fokus i denne artikkelen. Artikkelen tek utgangspunkt i forteljingane til dei som var med, og korleis dei fortel om og forklarar si deltaking. Forteljingane vert så diskutert i lys av teoriar om deltaking. Det unike med atomkraftverkmotstanden var at dei lukkast med å nå måla sine: å stogge atomkraftverk på norsk jord. Dei fekk trass i sterk motstand frå sentrale styresmakter både politisk og i forvaltinga regjeringa til å avblåsa grunnundersøkingane og var med å sikra at Stortinget i 1979 sa nei til atomkraftverk i Noreg. Mykje tyder på at kombinasjonen av den massive deltakinga, den massive lokale semja og ein sterk samanbindande og brubyggjande sosial kapital var avgjerande faktorar for resultatet.»
Les artikkelen på Idunn: Atomkraftverkmotstanden i Lindås 1974