Reinhaldarane blei mindre sjuke under pandemien

Foto Matilda Wormwood, reinhald, pexels lisens
Foto Matilda Wormwood, reinhald, pexels lisens*
Då Norge stengde ned under pandemien var det ei yrkesgruppe som stilte meir lojalt opp på jobb enn vanleg. Det var reinhaldarane. Dette kjem fram i ein rapport frå Helse Vest. Rapporten går grundig inn i tala for sjukefræver dei siste fem åra. Bergens Tidende har sett nærare på funna.

Det er store skilnader mellom yrkesgruppene. Legane er dei med lågast sjukefråver, medan helsefagarbeidarane har høgast. Det er ikkje uventa at dei som jobbar tettast på pasientane er mest sjuke. Dei skal ikkje smitte pasientane. For alle gruppene gjeld at det meste av fråveret er legemeldt, og berre ein liten del er eigenmeldt.

Om ein sjekker sjukefråveret etter alder, syner det seg at det er 30-39-åringane som er mest sjuke. Dette kan ha med at i denne gruppa er det mange småbarnsforeldre, men det er også her det er flest med slitsame vaktordningar.

Last ned rapporten frå Helse Vest