Firmaet Heisplan klarer å tene gode pengar på prisar som konkurrentane ikkje tener noko på. Folk i heisbransjen mistenkjer sosial dumping i Heisplan, som har 30 utanlandske tilsette. Men firmaet slår attende, og hevdar at deira utanlandske tilsette har same løn som dei norske, om ein reknar med at dei får ein del av løna utbetalt i form av bustad og andre ytingar. Dette skjer fordi dei utanlandsk tilsette ofte reiser heim til familiane i heimlandet.