Nytt regelverk for universitets- og høgskular

Universitetet i Oslo. Foto: Wolfmann / wikipedia. Lisens: CC by-sa 4.0
Universitetet i Oslo. Foto: Wolfmann / wikipedia. Lisens: CC by-sa 4.0*
Frå 1. august gjeld nytt regelverk for studentar og tilsette ved norske universitet og høgskular. Den nye universitets- og høgskulelova blei sanksjonert i statsråd 8. mars. Dei viktigaste endringane er:

  • Nedlegging av studiestader blir heretter vedteke av kongen i statsråd.
  • Mindre strenge reglar for bruk av eige arbeid, altså «sjølvplagiat».
  • Strengare reglar for mellombelse tilsettingar.
  • Unntak frå norsk eller samisk undervisningsspråk ved høgare utdanning må heretter ha ei tydeleg faglig grunngjeving.
  • Kravet om to sensorar på eksamen skal heretter gjelde bacheloroppgåver og liknande arbeid på lågare grad, eksamenar som åleine utgjer minst 15 studiepoeng, og ikkje-etterprøvbare eksamenar som munnleg og utøvande kunst.

Les meir på regjeringen.no