Frå 1. august gjeld nytt regelverk for studentar og tilsette ved norske universitet og høgskular. Den nye universitets- og høgskulelova blei sanksjonert i statsråd 8. mars. Dei viktigaste endringane er:
- Nedlegging av studiestader blir heretter vedteke av kongen i statsråd.
- Mindre strenge reglar for bruk av eige arbeid, altså «sjølvplagiat».
- Strengare reglar for mellombelse tilsettingar.
- Unntak frå norsk eller samisk undervisningsspråk ved høgare utdanning må heretter ha ei tydeleg faglig grunngjeving.
- Kravet om to sensorar på eksamen skal heretter gjelde bacheloroppgåver og liknande arbeid på lågare grad, eksamenar som åleine utgjer minst 15 studiepoeng, og ikkje-etterprøvbare eksamenar som munnleg og utøvande kunst.