Larvik har 600 regulerings- og andre planar. Dei overlappar ofte. Årsaka i Larvik, som i andre kommunar, er at kommunen vedtek nye planar utan å slette dei gamle.
No har Larvik fått 7 millionar kroner frå Forskingsrådet for å utvikle KI-verkty som òg andre kommunar kan nytte for å rydde i gamla planar. Målet er at ein skal kunne peike på eit område i eit digitalt kart og få fram den planen som gjeld akkurat der.