Frå 1. januar er det ‘Høgskulen på Vestlandet’

Dei tre høgskulane i Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund har diskutert lenge. Men frå 1. januar er det ingen veg attende: då heiter skulane Høgskulen på Vestlandet, og har fusjonert til ein institusjon.

Den nye høgskulen vil få 16.000 studentar, og blir venteleg større en Universitetet i Bergen. Skulen får 5 studiestader: Haugesund, Stord, Bergen, Sogndal og Førde.

Avtroppande rektor ved Høgskulen Stord/Haugesund tykkjer det er vemodig at det blir sett strek for skulen ho leiar. Samstundes ser ho at skulen hennar på sikt blir for liten til å innfri krava frå regionen. Styreleiar i den nye institusjonen Arvid Hallén trur på auka kvalitet, både for undervisning og forsking i den fusjonerte høgskulen.

Les meir på nrk.no