EUs digitale bod

Teknologigigantane har tapt eit viktig slag om den digitale framtida i Europa. Ei ny EU-forordning kan råke selskap som Google, Meta og Apple hardt.

Av MAGNUS FURRE GJERDE, Dag og Tid

Thierry Breton (cropped) European Parliament from EU, CC BY 2.0
Thierry Breton (cropped) European Parliament from EU, CC BY 2.0*
Thierry Breton (cropped) European Parliament from EU, CC BY 2.0

I desember 2020 kasta EU-kommisjonen hansken. Då vart to lovforslag lagde fram, Forordninga om digitale tenester (FDT) og Forordninga om digitale marknadar (FDM), med mål om å svekkje marknadsmakta til dei store teknologiselskapa og lage nye spelereglar som sikrar person­vern og tryggleik på nettet.

Selskapa som blir råka, har ikkje stått tolmodig på sidelina og venta. Tal frå Corporate Europe Observatory har synt at Amazon, Apple, Microsoft, Meta og Google har brukt 22,8 millionar euro (om lag 218 millionar kroner) i 2021 på å påverke EUs digitale økonomi­politikk. Teknologisektoren er den største lobbysektoren i EU, framfor både farmasi, fossil energi og finans.

STRATEGIEN

Sundar Pichai, CEO i Alphabet, foto Youtube, YouTube, CC BY 3.0
Sundar Pichai, CEO i Alphabet, foto Youtube, YouTube, CC BY 3.0*
CEO i Alphabet, som eig Google, Sundar Pichai, ba om årsaking for «krigsplan» mot forordninga. Foto Youtube, CC BY 3.0

Det mest slåande var lekkasjen av eit internt Google-dokument med forslag til korleis selskapet kunne påverke EUs nye reguleringsplanar. Dokumentet vart publisert i det franske nyhendemagasinet Le Point, og forslaga minner nesten om krigsplanar:

  • drive lobbyverksemd retta mot Europaparlamentet, EU-kommisjonen og medlemslanda
  • endre det politiske narrativet knytt til kostnadar for økonomien og forbrukarar
  • mobilisere tredjepartar (til dømes tankesmier og akademikarar) til å støtte Googles bodskap
  • mobilisere den amerikanske regjeringa
  • skape motstand mot EU-kommissær Thierry Breton (ein som støttar spesielt streng regulering)
  • skape konflikt mellom kommisjonsdepartementa.

Sundar Pichai, administrerande direktør i Google, bad seinare Breton om unnskyldning for dokumentet.

«DET ER OVER»

Etter lovforslag frå EU-kommisjonen er det Europaparlamentet og Rådet for Den europeiske unionen (og kalla Ministerrådet) som har ansvar for å handsame lovforslag og kome fram til endelege utkast. Etter 15 månadar, den 24. mars i år, vart Europaparlamentet og Ministerrådet samde om korleis eit av dei to lovforslaga, Forordninga om digitale marknadar, skal sjå ut. Trass i motmobiliseringa til selskapa ser det ikkje bra ut for dei. Mot slutten av forhandlingane auka presset frå selskapa, men til inga nytte. Andreas Schwab, ein tysk representant i Europaparlamentet som har vore sentral i forhandlingane, forklarte Financial Times korleis han svarte på siste-liten-førespurnadar om møte med lobbyistar: «Eg seier til dei store teknologiselskapa at dei ikkje skal ta seg bryet med å sende meg noko. Det er over.»

MARKNADSKONSENTRASJON I EUROPA

Her ser ein marknadsandelane i Europa til Meta (som eig Facebook, Instagram og WhatsApp), Google, Apple og Microsoft på fem viktige område.

Meta Google Apple Microsoft Total
Sosiale medium 84,57 3,06 87,63
Nettlesar 59,07 19,31 5,44 83,82
Søkemotor 92,04 3,71 95,75
Operativsystem til PC 2,06 15,52 77,77 95,35
Operativsystem til mobil 69,32 29,98 0,03 99,33

Tal i prosent henta (20. april) frå wwwi.gs.statcounter.com

KVA STÅR PÅ SPEL?

Forordninga om digitale marknadar og Forordninga om digitale tenester vil vere ein revolusjon innan regulering av store teknologiselskap. FDM handlar spesielt om å hindre at selskapa brukar marknadsmakta si til å hindre konkurranse.

I dag dominerer nokre få amerikanske selskap store delar av den digitale økonomien. Det er slike tilhøve FDM vil gjere noko med.

Marknadskonsentrasjonen kjem mellom anna av at veksten til dei mest populære digitale tenestene kan verke sjølvforsterkande. Jo fleire som brukar Facebook og Instagram, jo meir attraktive blir dei. Det same gjeld operativsystem. Dersom meir enn 99 prosent av europearar brukar Apples iOS eller Googles Android, har det lite for seg for å utvikle nye appar tilpassa andre operativsystem. Det var ei av årsakene til at Microsoft trekte seg ut av konkurransen om å lage operativsystem for mobilar.

MARKNADSMAKT

Eit selskap kan og styrke grepet om ein marknad gjennom oppkjøp og fusjonar. Google, som er størst innan nettlesarar, søkemotorar og operativsystem for mobilar, har kjøpt meir enn 200 selskap. Google har mellom anna kjøpt Android, YouTube, Motorola og DeepMind og på den måten akkumulert mykje strategisk kompetanse og mange patent. Facebook gjorde det same då dei kjøpte mellom anna Instagram, WhatsApp og Oculus VR.

Gjennom å tilby stadig fleire viktige tenester og samkøyre dei kan selskapa gje seg sjølve fordelar. Når du kjøpar ein Android-mobil, til dømes, vil mange Google-appar og tenester allereie vere installerte.

BEHOV FOR NYE REGLAR: EU har allereie lovverk som skal sikre konkurranse. Det er mellom anna forbode å danne kartell og drive med prisfiksing (der konkurrerande selskap blir samde om prisen til eit produkt), og selskap kan ikkje dele marknadar mellom seg. Utfordringa er at slike reglar ofte ikkje er tilstrekkelege for å hindre marknadsdominans i digitale sektorar.

Ein kan ikkje påstå at aktørar

driv med prisfiksing når sosiale medium, nettlesarar og søkemotorar tilsynelatande ikkje har ein pris. Tilgangen på store mengder brukardata frå fleire tenester er Og noko som bidrar til å styrkje marknadsdominansen til Google og Meta, men konkurranselovgjevinga til EU har ikkje vore tilpassa ein slik bedriftsmodell. FDM er laga for å tette desse hola og for å gjere EU i stand til å halda digitale marknadar opne for konkurranse, trass i tendensar til konsentrasjon.

INNHALDET I FDM

Det første å merke seg med forordninga er at ho ikkje råkar alle aktørar på den digitale marknaden, men berre såkalla «portvakter» som tilbyr «sentrale plattformtenester». Lista over sentrale plattformtenester består mellom anna av e-handelstenester (inkludert appbutikkar), kommunikasjons­tenester, sosiale medium, søkemotorar, nettlesarar og operativsystem.

Ordet portvakt blir nytta ettersom dominerande selskap er i stand til å bestemme kven som får kome gjennom «porten» og inn på marknaden deira. Eit selskap som tilbyr sentrale plattformtenester, vil få status som portvakt dersom det oppfyller følgande krav: Selskapet har ein marknadsverdi på meir enn 720 milliardar kroner eller årleg omsetning på meir enn 72 milliardar kroner, og selskapet har minst 45 millionar månadlege brukarar i EU og

Den nye forordninga vil sørge for at lovas lange arm ög ni

meir enn 10.000 bedriftsbrukarar. I tillegg må selskapet ha det EU kallar «ein sterk og varig posisjon i marknaden sin». Dette gjer at selskap som Google, Meta, Microsoft, Apple og Amazon vil bli rekna som portvakter.

NYE KRAV

Dei selskapa som får portvaktstatus, blir pålagde fleire plikter og forbod. Portvaktene må informere EU-kommisjonen om planlagde oppkjøp og fusjonar, dei må la andre verksemder inngå kontraktar direkte med sluttbrukarar, og dei må sørge for at kommunikasjonstenester er interoperative. Det siste betyr at ulike meldingsappar og -tenester kunne kommunisere med kvarandre. Med andre ord skal det vere mogleg å sende ei melding frå Facebook Messenger til Telegram. Det er eit nytt krav.

Forordninga forbyr portvaktselskap å gje eigne produkt og tenester forrang på plattformene sine. Google skal ikkje kunne prioritere eigne nettstadar og tenester når folk gjer Google-søk. Portvakter må no be om samtykke til å kunne sette saman personopplysningar som dei har samla frå ulike tenester. Dersom ein brukar seier nei, må dei vente eitt år før dei kan spørje på nytt. Portvakter må gi brukarar sjansen til å fjerne forhandsinstallerte program og appar og velje løysingar frå tredjepartar.

SENTRALSTYRT

Vanlegvis er det nasjonale styresmakter som får i oppgåve å handheve EUs forordningar og direktiv, men i dette tilfellet er det EU-kommisjonen som får ansvaret. Sentralisert handheving kan vere ein fordel når selskapa det er snakk om, opererer uavhengig av landegrenser. Kommisjonen får myndigheit til å avgjere kven som er portvakter, til å passe på at dei etterlever reglane, og til å straffe dei som bryt reglane. Ved brot vil kommisjonen kunne gje bøter på opp til 10 prosent av årleg global omsetnad, og 20 prosent ved gjentatte brot. I spesielt alvorlege tilfelle vil kommisjonen og kunne ty til strukturelle verkemiddel, som å forby eit selskap å kjøpe opp andre i ein gjeven periode.

FRAMGANG

Ein av dei som har følgt tett med på lovforslaget, er Alexandre de Streel. Han er professor i europeisk rett ved Universitetet i Namur i Belgia og akademisk direktør i Senteret for regulering i Europa. Me spør han korleis Forordninga om digitale marknadar skil seg frå eksisterande reglar.

– Dette gjer at EU kan gripe inn raskare. EU-kommisjonen må ikkje lenger bevise at handlingane til eit selskap hindrar konkurranse. Alt kommisjonen treng å bevise, er at eit selskap bryt med dei lovfesta forboda i FDM. Prosessen blir raskare, og det blir lettare å handheve reglane, seier de Streel.

– Kvifor har eksisterande lovgiving vore utilstrekkeleg?

– Fordi me fram til no berre har hatt kartellforebyggande lovgjeving, ingen reguleringsinstrument. Kartellforebyggande lovgjeving har blitt rekna for å vere for treig og ikkje god nok til å tvinge plattformer til å opne opp for konkurrentar. No, for første gang i historia, vil me ha eit reguleringsinstrument som kan brukast mot teknologigantane.

– Vart den endelege lova så streng som planlagt?

– Lova vart godkjend på særs kort tid, mindre enn eitt og eit halvt år. Sluttresultatet stod veldig nær det opphavelege lovforslaget. Ambisjonane vart ikkje utvatna. Når det er sagt, trur eg at innføringa av forordninga var den enkle delen. Den store utfordringa blir å handheve lova. Vil EU-kommisjonen vere sterk nok til å handheve lova på ein god måte? Det blir testen på om forordninga fungerer eller ei.

NØGDE NORDMENN

Randi S. Øgrey, administrerande direktør i Mediebedriftenes Landsforeining (MBL), seier i ei pressemelding at MBL har jobba aktivt for å få på plass den nye forordninga.

— Dette er ei svært viktig regulering for mediebransjen, fordi ho set klare krav til korleis dei store digitale portvaktene kan og skal opptre, seier ho.

Ettersom dette er ei forordning, vil ho uendra bli ein del av norsk lov gjennom EØS-avtalen. Lova er venta å tre i kraft i 2023. Då vil det bli lettare for norske forbrukarar å velje alternativ til dei store plattformene og for norske IT-bedrifter å konkurrere i den europeiske marknaden.

Financial Times brukte bibelske omgrep for å få fram betydninga av lova: «Teknologigigantane har endeleg bod dei må lyde». I 2023 blir det oppgåva til EU-kommisjonen å handheve boda. Ein får håpe kommisjonen gjer ein betre jobb enn Gud har gjort.

Artikkelen er tidlegare trykt i Dag og Tid 22. april 2022.