EU bøtelegg Apple med 1,8 milliardar euro

Apple, Erin i Pixabay
Apple, Erin i Pixabay*
Apple har fått ei gigantbot frå EU, etter at ei undersøking synte at Apples App Store gjorde konkurranse frå andre strøymetenester som Spotify vanskeleg. EU-kommisjonen vil syne at dei tek konkrete steg overfor tech-konsern som utnyttar ein dominerande posisjon i marknaden.

Konkurransekommisær Margrethe Vestager sa at ei mindre bot ville ha vore som ei parkeringsbot, og at kommisjonen no vil skremme Apple og andre konsern frå å gjere tilsvarande i framtida.

Les meir i The Guardian