Elferjer tatt av straumen

GRØNT: I løpet av fire år skal alle dei fylkeskommunale ferjene i Hordaland over på straum. Den første elferja i landet har i over to år kryssa Sognefjorden.

Av Gunnar Wiederstrøm, Sognefjorden. Tidligere publisert i Klassekampen 2.11.2017.

El-ferjer

: Først er ho ein lysande prikk på ein kveldssvart fjord. Når ho kjem nærare, får ho ferjeform, men ikkje heilt, for ferja har to skrog i staden for eitt og manglar skorstein.

 Heilt innved Oppedal ferjekai står skumsprøyten når kapteinen gjev kraft til propellen i baugen, nærast lydlaust og heilt utan den svarte dieselrøyken som normalt kjem frå ein ferjemotor på høgt turtal. MF Ampere er elektrisk.

Ladeproblem 

To store sugekoppar held ferja inn til kaia, så vert ho kopla til landstraumen via ein overdimensjonert kontakt. Denne har vore ei kjelde til frustrasjon for både kapteinen og ferjepassasjerar. Ferjerørslene ved kai har fleire gonger øydelagt kontakten. Utan straum står ferja.

– Regulariteten har ikkje alltid vore like god, men i år ligg vi an til 200 kanselleringar av alt i over 10.000 fjordkrysningar. I fjor var det over 300. Vi er på rett veg, seier kaptein Steinar Johnsen.

Ved kvart landliggje på Oppedal ferjekai må batteria ladast opp med om lag like mykje straum som ferja nyttar på ein tur/retur over fjorden.

– Vi må finne rette balansen. Ikkje gå for fort, då brukar vi for mykje straum. Vi må heller ikkje gå for sakte, då vert ladetida for kort til at vi når det ladenivået batteria skal ha.

No risikerer ein ikkje å bli liggjande midtfjords utan straum. Fullada har batteria kapasitet til langt meir enn to fjordkrysningar. Ingen treng ha rekkeviddeangst om bord.

Ampere er første og fram til no den einaste elektriske ferja i landet. Snart skal ho få følgje av ein heil armada med elferjer.

Innan ti år skal nesten alle ferjereiser på Vestlandet elektrifiserast.

Offentleg risiko 

Først ute var Hordaland fylkeskommune. I 2015 vedtok fylkesutvalet å satse på lågutsleppferjer då nye konsesjonar skulle tildelast frå 2018. Målsetjinga var å redusere CO2-utsleppa frå ferjetrafikken med minst 50 prosent, men etter tevlinga ferjeselskapa imellom ligg det an til ein reduksjon på opp mot 90 prosent. Energibruken vert redusert med 60–75 prosent.

– Vi hadde ein sterk trong for fornying av ferjeflåten i fylkeskommunen. Snittalderen var 29 år. Vi var sjølvsagt også opptekne av visjonen om nullutsleppsferjer. Det var nok viktigare enn økonomien, seier fylkesvaraordførar Pål Kårbø (KrF).

Førsteamanuensis Tom Skauge ved Høgskulen i Bergen sat i samferdsleutvalet i fylket for SV og var med på det historiske vedtaket. Han har også forska på elektrifiseringa og peiker på tre føresetnadar for at det vart elektrisk ferjedrift.

– Her var det naudsynt med politisk mot. Rammevilkåra for å utvikle den nye teknologien må vere til stades. Utan ein offentleg sektor som tek stor risiko, når ein ikkje målet om få dette skiftet frå nisjeteknologi til breiddeteknologi som er avgjerande for å lukkast.

Dei to andre føresetnadene var ein nærast gryteferdig teknologi, og at den store krisen i forsyningsindustrien til olja laga den naudsynte opninga for at vidareutviklinga av teknologien kunne skje her til lands.

For Hordaland fylke gjev dei nye ferjekontraktane svært store utslag for CO2-utsleppa. I 2016 var desse på 58.100 tonn CO2. I 2021 vil elektrifiseringa ha redusert utsleppa frå ferjene til ein tidel av dette.

På heile 17 ferjestrekningar går ein frå diesel til reine elferjer eller ferjer der ein kombinerer el med ein generator driven på biodiesel. Denne kan lade opp batteria dersom elforsyninga skulle bryte saman.

Elektrifiseringa av ferjetrafikken var tema på konferansen til miljøstiftinga Zero i går. Dei er særs nøgde med utviklinga.

– Utviklinga har gått ekstremt snøgt. Stadig kjem det nye og betre løysingar som gjer at ein kan oppjustera delen av ferjetrafikken som kan gå på el, seier teknologiansvarleg Marius Gjerset til Klassekampen.

1. januar kjem den andre elferja i drift på sambandet Anda–Lote i Nordfjord. Sidan vil også Rogaland og Møre og Romsdal nytta elferjer. Zero ber Samferdsledepartementet om å følgje opp.

– Stortinget har gjort vedtak om at alle nye anbod i ferjetrafikken skal vere med elferjer. Departementet må bidra ved å gje pålegg til fylkeskommunane, slik at alle nye riksveg- og fylkesvegferjer går på el, seier Gjerset.

- © Klassekampen - Publisert med samtykke frå Klassekampen