Forside » Aktuelt » Kan Norge få ein ny landmålarprofesjon?

Kan Norge få ein ny landmålarprofesjon?

By Random Guy of the Century (Own work) [CC BY-SA 3.0 (https://creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0)], via Wikimedia CommonsStortinget har nå til behandling eit framlegg som kan vere kimen til ein ny landmålerprofesjon.

Stortinget skriv at proposisjonen inneheld forslag om å endre organiseringa av eigedomsoppmåling frå å vere ei lovpålagd oppgåve for kommunane til å bli ei profesjonsregulert teneste med fri prisdanning.

Det blir gjort framlegg om å innføre krav om personleg autorisasjon for landmålarane og krav til landmålarføretak. Vidare blir det fremja forslag om å overføre ansvaret for føringa av eigedomsopplysningar i matrikkelen frå kommunar som ikkje ønskjer å vidareføre denne oppgåva, til staten v/Statens kartverk.

Forslaga til Stortinget skal bidra til auka konkurranse, raskare, betre og meir effektive tenester for brukarane, auke kvaliteten i matrikkelen og leggje grunnlaget for utviklinga av ein konsulentbransje for tenester på eigedomsområdet, ifølge framlegget.

Leiv Bjarte Mjøs ved HVL disputerte i 2016 om same tema:
//www.profesjon.no/leiv-bjarte-mjos-matrikulaer-utvikling-i-norge/

Sist oppdatert:

Det er stengt for kommentarer.