Elferjer – Fjellstrand håpar å flytta oppdrag frå Polen

Fjellstrand verft er i gang med bygginga av den andre elferja i Noreg. I det eine hjørnet pussar to karar kantar på ein aluminiumsbjelke med vinkelslipar.

Av Gunnar Wiederstrøm. Trykt i Klassekampen 2.11.2017. Publisert med godkjenning fra KK Fire andre står rundt ei teikning og diskuterer kvar bjelkane skal skjerast. Dei er i startfasen på overbygget på den nye elferja som Fjord1 har tinga frå Fjellstrand.

– Vi har vunne mange priser for den ferja, og det er stas å bli sett pris på. Likevel er nye ordrar den beste prisen vi kan få, fortel prosjektdirektør Olav Bru.

 No kjem det fleire oppdrag. Fjellstrand var tidleg ute med å tenkje elektrisk. Arbeidet med å utvikle ei ferje som kunne gå på batteri, starta for alvor i 2010.

– Statens vegvesen lyste ut ei miljøferje på strekninga Lavik–Oppedal der vi fekk til eit godt samarbeid med Norled og Siemens og til sist klara å hala i land ein kontrakt.

Verksemda fekk to millionar kroner frå Transnova til ein moglegheitsstudie, men har elles teke kostnaden med utviklinga av fartøyet sjølve.

Ferja dei har starta bygginga av, skal gå mellom Halhjem i Os og Våge i Tysnes. Ho vert ei hybridferje med biodieselgeneratorar som kan forsyne ferja med elkraft om det skulle ver straumstans eller feil i ladeanlegget.

– Kjem det fleire ferjeoppdrag, kan vi truleg plassere meir av oppdraget i Noreg. No vert skroga bygde i Polen, medan vi byggjer overbygg, innreier, installerer utstyr og utfører ferdigstilling og testing her på Fjellstrand.

Fjellstrand er einaste leverandør av aluminiumsferjer. Materialet er noko dyrare enn stål, men mykje lettare.

– Ferjene våre treng då mindre motorkraft og nyttar dermed mindre energi, og ein kan òg gå med mindre batterikapasitet. Vi meiner vi har den beste løysinga for miljø og klima, seier Bru.

© Klassekampen