Chromebook – ikkje bygd for å vare

PC jente. Foto: Alexander Grey. Pexels lisens
PC jente. Foto: Alexander Grey. Pexels lisens*
Chromebook-maskiner i skulen kan bli el-søppel alt for tidleg om ikkje Google utvidar perioden då maskinene blir støtta med oppdateringar. Ein ny rapport frå den amerikanske ideelle organisasjonen PIRG (Public Interest Research Group) ber Google om å doble levetida på Chromebook-maskiner ved å utvide datoen for når maskinene ikkje lenger får oppdateringar. Google har forplikta seg til å levere åtte år med oppdateringar til Chromebook. Det er ei utviding frå opprinneleg fem år.

Google svarar i ein uttale at det er «ekstremt vanskeleg» å halde fram med oppdateringar når «maskinevarene sine grenser» blir nådd.

Det syner seg også at det ofte er svært vanskeleg å få tak i reservedelar til Chromebooks. Delar til gamle maskiner må ofte plukkast frå øydelagd maskiner, men finurlege små skilnader på to like maskiner kan gjere det umogleg.

Ikkje berre Google blir kritisert for å gje maskinene korte liv med oppdateringar. Apple gjer berre sju år med oppdateringar til ein standard Mac, og for iPad er gjerne perioden berre seks år.

Les meir på tek.no og arstechnica.com