Dei siste ti åra er det betalt ut over 30 milliardar kroner i erstatning for naturskadar på bygningar og innbu. 7 av desse åra er mellom dei 10 med høgast utbetalingar gjennom historia. Utbetalingane bilar, båtar og vegar kjem i tillegg.
Om lag halvparten av utbetalingane galdt skadar etter ekstremnedbør. Den største naturskadetragedien gjennom tidene hende mot slutten av 2020, då ein stor del av eit grannelag i Gjerdrum blei teken av eit kvikkleireras.