Den hemmelege norske hæren

Jens Christian Hauge 1947. Foto Leif Ørnelund Oslo Museum. CC BY-SA 4.0
Jens Christian Hauge 1947. Foto Leif Ørnelund Oslo Museum. CC BY-SA 4.0*
Jens Christian Hauge, 1947.

I ei ny bok fortel Geir Arild Høiland og Torstein Bjaaland mykje meir om den hemmelege ‘Stay behind’-organisasjonen en det som har lekt ut tidlegare. Organisasjonen blei etablert av forsvarsminister Jens Christian Hauge frå 1948 og frametter. Det kosta tusenvis av liv å byggje opp væpna motstand mot den tyske okkupasjonen under krigen, og Hauge ville ikkje at forsvaret skulle vere like dårleg førebudd neste gong landet kunne bli utsett for militært åtak. Meir enn 500 menneske har vore engasjert i organisasjonen, fem i kvar av dei 100 gruppene over heile landet. Ingen fekk løn, sjølv om gruppene lenge trente saman ei veke kvart år.

Utstyr blei grave ned i terrenget – helst om natta og i regnver, slik at sjansen for å bli sett skulle vere minst mogleg. Tilsvarande organisasjonar fanst i dei fleste vestlege land, og han finst truleg framleis i Noreg.

Les meir på NRK