Verna vassdrag blir framleis verna

Vefsna. Foto: Halvard Halleraker CC BY NV SA 3.0
Vefsna. Foto: Halvard Halleraker CC BY NV SA 3.0*
Vefsna. Foto: Halvard Halleraker CC BY NV SA 3.0

Dei 394 verna vassdraga i Norge skal framleis vere verna. Det har Stortinget vedteke, trass i at fleire politikarar har lufta tanken om å såkalla skånsam utbygging av verna vassdrag.

Høgre og FRP sitt framlegg om «skånsam utbygging av vasskraft i verna vassdrag der vi kan auke produksjonen av kraft utan at det går på særleg kostnad av natur- og miljøomsyn» fekk ikkje støtte frå regjeringspartia.

– Verneplanane er ofte fleire tiår gamle, og ny teknologi er utvikla sidan den gongen, seier Nikolai Astrup (H) til NRK. Men Espen Barth Eide meiner at på lista over «vonde og vanskelege» vurderingar vi må gjere frametter for å få meir energi, må utfordring av gamle vernevedtak «liggje ganske langt nede».

Les meir på NRK