Verdshava er blitt mykje varmare. Kvifor?

Koraller. Foto Francesco Ungaro, Pexels lisens.
Koraller. Foto Francesco Ungaro, Pexels lisens.*
Temperaturane i verdshava har gjort eit byks oppover som har fått klima- og havforskarar til å klø seg i hovudet.  Målingar frå tusenvis av målepunkt i verdshava mellom 60 grader nord og 60 grader sør – altså utanom dei polare områda – viser at temperaturen i overflata no ligg høgt over snittet frå dei siste tjue åra. Alle dei ti siste månadane har temperaturen vore høgare enn den nokon gong er målt tidlegare.

No kjem forskarane med forsøk på forklaringar: mindre forureiningspartiklar frå skipstrafikken i atmosfæren, uvanlege vindar i Sahara, El Niño og eit undersjøisk vulkanutbrot i 2022.

Men under dei akutte hendingane ligg den stadige auken i utslepp av drivhusgassar. Det er god grunn til stor uro. Konsekvensane for stiginga i havninået, for livet i havet og spesielt for korallane kan vere dramatiske.

I ein artikkel i Dag og Tid oppsummerer Per Anders Todal situasjonen.