Rapporten Environments and children’s well-being (UNICEF Innocenti Report Card 17) undersøkjer korleis OECD- og EU-landa tek vare på sunne miljø for barn. Blant konklusjonane er at alt for mange barn manglar ein sunn heim, og at dette øydelegg livskvaliteten deira både i dag og i framtida. Overforbruk i rike land øydelegg miljøet for barn over heile verda, skriv rapporten.
Rapporten konkluderer med at levevanane i Norge bidreg til dårlegere folkehelse andre stader i verda. -I Norge kjøper og kastar vi mest elektronikk i verda – 26 kilo per innbyggjar i 2019. Til samanlikning er talet under 10 kilo per innbyggjar i land som Mexico, Colombia og Chile.
Rapporten tilrår på 5 tiltak for å betre miljøet barn lever i:
- Fokuser på barn nå, vern om framtida
- Gjer miljøet betre for dei mest sårbare barna
- Pass på at miljøpolitikken tek omsyn til barn
- Involver barn, som har risikerer mest i framtida
- Ta globalt ansvar, no og i framtida