Ukrainakrigen ga 334 milliardar til oljefondet

Melkoya, LNG anlegg. Foto Joakim Aleksander Mathisen, CC BY 2 0
Melkoya, LNG anlegg. Foto Joakim Aleksander Mathisen, CC BY 2 0*
Den norske staten blei 334 milliardar kroner rikare i 2022 på grunn av krigen i Ukraina. To masterstudentar ved Norges Handelshøyskole har rekna ut talet basert på kor mykje prisen på naturgass auka som følgje av krigen, og av at president Putin kneip att forsyninga av gass til EU.

Kommentarane til talet varierer frå «pinleg» og «vi er krigsprofitørar» til at «vi er ein påliteleg leverandør av energi».

Forfattarane vil ikkje ta stilling til dei politiske karakteristikkane: – Vi ønsker å stille oss nøytrale til problemstillingen, men bidra med våre resultater til debatten. Noen vil kalle Norge for krigsprofitør, andre vil si at dette bare handler om markedskrefter – at Norge får solgt til tilnærmet markedspris, seier Ida Elisabeth Uberg Gaasland til NRK.no.

Les meir på NRK