Stategisk utsvelting i Gaza

Gaza 10.2023. Palestinian News & Information Agency (Wafa) in contract with APAimages, CC BY SA 3.0
Gaza 10.2023. Palestinian News & Information Agency (Wafa) in contract with APAimages, CC BY SA 3.0*
Gaza står på terskelen til hungersnaud.

av Thor Olav Iversen, seniorforskar ved NUPI
Publisert i Klassekampen 29.12.2023

FN fargelegg karta sine over Gaza med raud tusj. Sjeføkonomen i Verdas matvareprogram, Arif Husain, har nyleg uttalt at han gjennom sine to tiår med naudhjelpsarbeid «aldri har sett noko så ille skje så fort». Eg forsvarte nyleg ei doktorgradsavhandling om statistikk på svolt, men kan heller ikkje hugse ei liknande hending.

For bakkeangrep, bombing og omleiring har skapt ein katastrofal matvaresituasjon. Etter to og ein halv månad med følgjekrig etter Hamas sitt grufulle terrorangrep 7. oktober svelt så og sei alle menneske på Gazastripa. Om utviklinga held fram, vert det ifølgje Husain hungersnaud i laupet av dei komande månadene.

Tala utgjer ein dyster rekord for matvarestatistikken. Prognosane syner at nesten alle familiar må hoppe over måltid kvar dag. I fire av fem hushaldningar i dei nordlege områda går folk heile dagar og netter utan å ete. Mange vaksne går svoltne slik at borna deira får i seg mat.

Dei knappe matvarene som kjem inn strekk slett ikkje til og kjem berre fram til den delen av Gaza som ligg nær grensa til Egypt. På resten av stripa hindrar kampar og omleiring dei fleste i å få tilgang til mat, vatn eller helsetenester. Restriksjonar gjer det dessutan umogleg å importere mat. Produksjonen av mat ligg samstundes nede for teljing på grunn av øydelegging av jordbruksland, bakeri og vassinfrastruktur. Når matlagera er tomme, peikar difor pilene mot hungersnaud.

Human Rights Watch: Medvite utsvelting

Menneskerettsorganisasjonen Human Rights Watch skulda rett før jul Israel for å medvitent svelte ut sivile. Fleire israelske ministrar og embetsmenn har teke til orde for slike krigsbrotsverk. I oktober uttalte til dømes Israel sin (terror- og rasismedømte) tryggleiksminister Itamar Ben-Gvir at det einaste som skal sleppast inn i Gaza er «hundrevis av tonn med eksplosivar frå flyvåpenet og ikkje eit gram med humanitær hjelp før Hamas slepp fri gislane». Dersom vi tek Ben-Gvir på ordet, føyer situasjonen seg inn eit dramatisk oppsving i bruk av svolt som våpen mot sivile i krig det siste tiåret – særleg i land som Jemen, Etiopia og Syria.

USA har vore Israel sin mest konsekvente støttespelar. Tryggleiksrådet vedtok 22. desember ein resolusjon som tok til orde for meir humanitær bistand. Etter amerikansk press blei oppmodingar om våpenkvile fjerna før avstemminga. Supermakta har tidlegare brukt sin vetorett til å stanse slike forslag. Det er ikkje første gong dei siste åra at USA eller Vestmaktene har lagt til rette for utsvelting av heile folkemengder.

Houthiane har røysle frå utsvelting

Den jemenittiske Houthi-militsen har dei siste vekene gått inn i Gaza-krigen ved å aksjonere mot Israel gjennom kapring av og skyting mot ei rekke sivile skip i Raudehavet. Fleire av desse skipa har segla under norske flagg. Jemen har i likskap med Palestina nyleg erfaring med hungersnød i krig. I 2015 gjekk ein koalisjon leia av Saudi-Arabia til krig mot militsen som har kapra dei folkerike nordlege områda av det lutfattige landet. Nokre av dei fremste måla med krigføringa var å setje inn att Jemen sin eksilregjering og setje ein stopp for iransk innflytelse på den arabiske halvøya. Følgjene av krigen vart dødelege for eit land som importerer nesten alle matvarer. Koalisjonen innførte blokadar mot innførsel av drivstoff, medisin og matvarer. For å gjere vondt verre strypa koalisjonen jemenittane sin tilgang til pengar ved å stenge ned sentralbanken.

Det var ikkje Russland eller Kina som var angrepskoalisjonen sine fremste allierte, men Storbritannia, Frankrike og USA. Ifølgje britiske kjelder kunne ikkje Saudi-Arabia sitt flyvåpen haldt seg funksjonelt i stort meir enn ei veke utan teknisk hjelp frå britane. Den norske staten og våre våpenverksemder har også profittert på krigen i Jemen.

Det gjev oss eit ekstra ansvar for å heve fana høgt for naudhjelp i Gaza. For det er håp, sjølv om tilhøva vert verre for kvar dag som går. Palestinarane har endå ikkje begynt å svelte hel i hopetal, då sveltedød som regel er eit utfall av både langvarig og ekstrem matvaremangel. Likevel står mange i akutt fare. Det gjeld særleg born, gravide, ammande og eldre. Over ein halv million lid av katastrofal mangel på mat, ifølgje tala.

Press på Israel, USA og Hamas

Difor må det leggjast press på Israel, USA og Hamas for å få inn mykje meir naudhjelp brennkvikt. På kort sikt bør nettopp ei humanitær våpenkvile vere førsteprioritet. Dersom framlegg om våpenkvile held fram med å bli sabla ned, må det likevel opprettast humanitære korridorar som sørgjer for at nok mathjelp kjem seg dit den skal. Til trass for rusk i det diplomatiske maskineriet har FN klart å opprette og halde ved like slike korridorar gjennom fleire år under borgarkrigen i Syria.

Det seiest ofte at konflikten mellom Palestina og Israel er så komplisert at det er vanskeleg å ta standpunkt. Det er derimot ikkje komplisert å ta parti med menneskeverd: Vi må stå fjellstøtt ved retten til livreddande hjelp for vanlege menneske (og born) i krig.

Artikkelen er tidlegare publisert i Klassekampen 29.12.2023
Attgjeve her med godkjenning frå forfattaren