Professor kallar norsk skole “Googleskolen”

Professor Anne-Britt Gran ved Handelshøgskolen BI meiner digitaliseringa i norsk skole er "rein galskap", både teknologisk og pedagogisk. I ein fersk Tweet skriv ho: – Digitalisering av skolen handler kun om verktøy. Elevene lærer ingenting om Internett-teknologien, personvern, algoritmestyrte tjenester, hva Google og Facebook tjener penger på. Elevene blir ukritiske konsumenter.

Gran er også mor til ei jente i sjuande klasse, og har seks års fartstid i FAU. Til NRK seier ho: – Da dotter mitt gjekk i fjerde, fekk dei ofte «google-lekser». Eg spurte om dei hadde lært kva google var, men da vart det tomt i blikket. Læraren meinte dei hadde nok med å lære å skrive inn eit passord på skulens pc.

Politisk rådgjevar i Kunnskapsdepartementet Hanna Atic stadfester overfor NRK at regjeringa ikkje ynskjer å leggje føringar for kva slag verktøy eller metode skolane skal nytte, men at det den digitale kompetansen skal styrkast slik at elevane lukkast i utdanning, arbeid og samfunnsdeltaking.

Les meir på NRK.no