Plagiat med justerte briller?

My name is Paste, Copy Paste, CC0
My name is Paste, Copy Paste, CC0*
Skal ein få has på tanketjuveri, gjer ein lurt i å gje samtalen eit nytt inntak. Kommentator i Dag og Tid, Ida Lødemel Tvedt meiner skadefro gapskratt gjer eit dårleg grunnlag for ein klok samtale om fusk. Ho føreslår ei mindre straffande tilnærming enn det vi har vore vitne til.
Skal det vere legitimt å vere så streng, særleg med å bruke eigne tekstar «fordrar det at ein har store, sakte, djupe samtalar om kva det vil seie å skrive utan å stele. For plagiat handlar om så mykje meir enn å klippe og lime frå folk utan å gje dei ære dei fortener», meiner Lødemel Tvedt.

Les heile artikkelen i Dag og Tid