Personvernkommisjonen tilrår forbod mot adferdsbasert reklame mot barn

Google sees you
Google sees you*
Personvern­kommisjonen overleverte i går innstillinga si til Kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik. Kommisjonen meiner digitaliseringa i samfunnet går direkte ut over personvernet. Spesielt for barn og unge i skulesektoren og i sosiale media er personvernet for dårleg, i følge kommisjonen. Også i justissektoren er personvernet under press frå digitaliseringa.

Kommisjonen går inn for eit forbod mot målretta reklame mot barn basert på atferdsdata samla inn via internett og sosiale media. Fleirtalet ønskjer òg å greie ut eit forbod mot all slik reklame, medan eit mindretal meiner det er mogleg å drive målretta reklame på ein akseptabel måte, og at norske redigerte media idag er avhengig av slike inntekter.

Ingrid Westgaard Stolpestad i Amnesty Norge står for fleirtalet si meining i denne saka. – Slik forretningsmodellen til tech-gigantene fungerer i dag strir det mot grunnleggjande rettar. Mellom anna er den massive innsamlinga av data om oss i strid med personvernet. Eit forbod vil være utruleg viktig for å endre dette, seier Stolpestad til NRK.

Les meir på NRKbeta

Last ned innstillinga