Storbritannia granskar dominansen av tech-gigantar i skya

Amazon Web Services logo
Amazon har halve sky-marknaden.

Det britiske Ofcom – reguleringskontoret for kommunikasjon – skal granske konsekvensane av tech-gigantane sin dominans sky-tenester. Dei tre gigantane Amazon, Google og Microsoft kontrollerer fire femdelar av dataprosessering og -lagring i skya. Amazon har halve marknaden åleine.

Dei komande åra vil Ofcom også granske tenester som Whatsapp, FaceTime og Zoom, og kva dei har å seie for meir tradisjonelle kanaler som tekstmeldingar og telefon.

Les meir i The Guardian