Personvernet i læringsplattformar blir sjekka

Lunner_barneskole_By-Kjetil-Ree_CC-BY-SA-3-0-google-logo-added-by-h-birkeland
Lunner_barneskole_By-Kjetil-Ree_CC-BY-SA-3-0-google-logo-added-by-h-birkeland*
Datatilsynet har sett i gong eit større arbeid for å sjekke personvernet i skulane sin bruk av læringsplattformer. Juridisk rådgjevar Kristin Skolt i Datatilsynet skriv i ei pressemelding at den raske digitaliseringa av skulen har gått ut over personvernet til elevane.

Ho meiner at kommunane har for lite kompetanse og ressursar til å ta vare på elevane sitt personvern. Dei veit ofte ikkje kva opplysningar som blir lagra i læringsplattformene. Mange manglar også påkravde databehandlaravtalar.

Datatilsynet skal først sende brev med ei rad spørsmål til 50 kommunar. Deretter blir det gjennomført eit større tilsyn. Målet er å gje betre rettleiing til kommunar og skular.

Les meir på NRK.no