Fire universitet og høgskular har søkt departementet om unntak frå karakterkrav for opptak til sjukepleiar- og lærarutdanningane. Svaret frå ministeren blei nei. Forskings- og høgre utdanningsminister Sandra Borch melder i epostar til Khrono at ho har stor forståing for søknadene frå institusjonane, som ho også meiner er godt grunngjeve.
Når svaret likevel blir nei, er det fordi departementet er i gong med fleire større politiske prosessar for å styrke rekruttering og gjennomføring ved profesjonsutdanningane. Departementet vil leggje fram ei stortingsmelding om profesjonsutdanningane og ein rekrutteringsplan for lærarutdanningane i løpet av få månader.