Automatisering gjev fleire jobbar på Osterøy

På Osterøy utanfor Bergen opplever fleire små verksemder eit robotiseringseventyr, der automatisering av små og mellomstore seriar gjer verksemdene konkurransedyktige på marknaden. Maskinoperatør Ronny Eide ved Mjøs Metallvarefabrikk tykkjer arbeidsoppgåvene blir stadig meir interessante når jobben hans blir å programmere roboten og kontrollere resultatet, i staden for at han produserer sjølv.

Høgskulen på Vestlandet har gjennomført ein studie av robotisering i 9 verksemder på Osterøy. – Robotisering har skapt panikk og frykt for ein dommedag der maskinane tek over arbeidslivet, seier førsteamanuensis Tom Skauge ved HVL til Klassekampen. – Studien vår frå Osterøy syner at det finst ei alternativ utvikling som opnar for betre kvalitet, store seriar, kort levering, betra arbeidsmiljø, høg kompetanse og trygge arbeidsplassar.

Næringsminister Monica Mæland meiner industriutviklinga på Osterøy er fantastisk spanande, og skjer på bakgrunn av godt samarbeid mellom verksemdene, den vidaregåande skulen og forsking. Regjeringa satsar 50 millionar kroner på to nasjonale testsenter for moderne teknologi. Det eine kjem til Raufoss, det andre til Osterøy.

Les artikkelen frå Klassekampen