Danske Bank godtek milliardbot for kvitvasking

Danske Bank hovedkvarter København. Foto RL0919 Danske Bank CC BY SA 4.0
Danske Bank hovedkvarter København. Foto RL0919 Danske Bank CC BY SA 4.0*
Danske Bank har inngått eit forlik med danske og amerikanske styresmakter om å betale 15,3 milliardar danske kroner i bøter for kvitvaskinga av rundt 200 milliardar euro i perioden 2007-2015. Det meste av pengane kom truleg frå kriminell verksemd i Russland.

Thomas Borgen, som sat som toppsjef i Danske bank fram til 2018, er nyleg frikjend for eit søksmål frå mellom andre det norske Oljefondet knytt til denne saka.

Ein del av forliket mellom Danske Bank og det amerikanske justisdepartementet slår fast at banken får ei prøvetid på tre år.

Les meir på E24