Guterres om Klimarapport 6, del 3: Land som aukar oljeproduksjonen er farlege radikale

IPCC AR6
IPCC AR6*
Etter at FNs klimapanel la fram tredje del av sin sjette rapport, om klimatiltak, kommenterte generalsekretæren Antonio Guterres det slik: «Klimaaktivistar blir nokre gonger kalla farlege radikalarar. Men dei verkelege farlege radikalarane er dei landa som aukar produksjonen av fossile brennstoff. Å investere i fossil infrastruktur er moralsk og økonomisk galskap.»

Ein positiv konklusjon i rapporten er at omfanget av klimatiltak har auka rundt i verda, og at den årlege veksten i CO2-utslepp har avtatt. Men likevel, utsleppa held fram å stige. Dette understrekar kor mykje det hastar med klimatiltak.

Nytt i denne rapporten er at den peikar på at teknologi for fjerning av drivhusgassar frå atmosfæra blir naudsynte for ikkje å passere 1,5 grader, og truleg også 2 grader. Uansett må alle land satse på konkrete utsleppskutt i alle sektorar. Då er det framleis mogleg å nå 50 prosent kutt i 2030 og netto null i 2050 – som tyder 50% sjanse for at temperaturen globalt ikkje stig med meir enn 1,5 grad Celsius. Men dette scenariet er blitt mindre sannsynleg sida IPCC sin spesialraport om 1,5C.

Nytt er også eit eige kapittel om «etterspørsel, tenester og sosiale sider av tiltak», der det også blir peika på at ein må ta tak i forskjellane i forbruksnivå, og fokusere på at trivsel er avgjerande for støtte til klimatiltak.

Les meir på carbonbrief.org
Les heile rapporten her