Ein positiv konklusjon i rapporten er at omfanget av klimatiltak har auka rundt i verda, og at den årlege veksten i CO2-utslepp har avtatt. Men likevel, utsleppa held fram å stige. Dette understrekar kor mykje det hastar med klimatiltak.
Nytt i denne rapporten er at den peikar på at teknologi for fjerning av drivhusgassar frå atmosfæra blir naudsynte for ikkje å passere 1,5 grader, og truleg også 2 grader. Uansett må alle land satse på konkrete utsleppskutt i alle sektorar. Då er det framleis mogleg å nå 50 prosent kutt i 2030 og netto null i 2050 – som tyder 50% sjanse for at temperaturen globalt ikkje stig med meir enn 1,5 grad Celsius. Men dette scenariet er blitt mindre sannsynleg sida IPCC sin spesialraport om 1,5C.
Nytt er også eit eige kapittel om «etterspørsel, tenester og sosiale sider av tiltak», der det også blir peika på at ein må ta tak i forskjellane i forbruksnivå, og fokusere på at trivsel er avgjerande for støtte til klimatiltak.