Friends of the Earth: – Naturavtalen eignar seg ikkje for føremålet

UN Biodiversity Conference 2022 CC by 2.0
UN Biodiversity Conference 2022, CC by 2.0

Miljøorganisasjonen Friends of the Earth International hevdar i ei pressemelding at den ferske globale naturavtalen «ikkje eignar seg for føremålet». I ei pressemelding uttrykkjer stor uro over korleis avtalen blei vedteken, ved at Den  demokratiske republikken Kongo sin protest blei overkjørt. Friends of the Earth hevdar at avtalen inneber at det som avtalen kallar «naturbaserte løysingar» i realiteten promoterer grønvasking gjennom såkalla offsetting for miljøøydeleggingar.

Dermed vil ikkje avtalen stanse det dei kallar ‘viktigaste drivaren for naturøydeleggingar’,  framrykkinga av agribusiness.

I ein kronikk i Klassekampen publisert på attac.no framfører Camilla Hansen den same kritikken – at den legg til rette for at storselskap kan halde fram med naturøydeleggingar: «Sentralt i avtalen står bruk av «økologiske kompensasjonar». Det betyr at selskaper kan få tillatelse til aktiviteter som ødelegger mangfoldig natur et sted, mot at de kompenserer for skaden ved å betale for vern eller restaurering av natur et annet sted. I praksis fungerer det som et marked der selskaper og stater handler med tillatelser til å ødelegge.»

Les kronikken på attac.no