Første cruiseskip til Geiranger på batteri

Cruise-skip, eksos. Lisens fri bruk, CC0
Cruise-skip, eksos. Lisens fri bruk, CC0*
Cruise-skip, eksos. Lisens fri bruk, CC0

Havila Castor blei første cruiseskip som sigla inn Geirangerfjorden og ut att på berre elektrisk energi. Turen tok tre timar, og batterikapasiteten var framleis 40%, og batteriprodusenten Corvus Energy hevdar derfor at ein fire-timars batteritur heller ikkje ville vore noko problem.

Frå 2026 blir det krav om nullutslepp i verdsarvfjordane. Havila Castor har prova at det er teknisk mogleg å gjennomføre.

Les meir på Corvus Energy