Tirsdag 10.4 og torsdag 12.4 er det etikkdagar på Høgskulen på Vestlandet, Campus Kronstad. Tema for etikkdagane i år er FNs bærekraftsmål. Dei to dagane inneheld ei rad førelesingar, som handlar om så forskjellige ting som fergerevolusjonen, solenergi, korrupsjon, skatteparadis og etiske køyrereglar i globale selskap.
Arrangørar er: Fakultet for ingeniør- og naturvitskap (FIN) Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) Institutt for økonomi og administrasjon i samarbeid med Profesjonsetisk nettverk i Norge
Arrangementet er gratis og ope for publikum. Last ned program/plakat her (pdf) (oppdatert 9.4.)