Cruise-reiarar, ordførarar og hamnesjefar: PR-byrå mot lovforslag

Cruise-skip, eksos. Lisens fri bruk, CC0
Cruise-skip, eksos. Lisens fri bruk, CC0*
Regjeringa la 1. mai fram framlegg til ny lov som krev norske arbeidstilhøve for sjøfolk i norske farvatn. Framlegget gjeld først og fremst cruise-næringa. 22. og 23. mai åtvara fleire aktørar langs kysten mot det nye lovframlegget i både lokale media og riksmedia.

Som medhjelpar i kampanjen hadde Cruise Norway engasjert PR-byrået Kruse Larsen til å koordinere utspel frå lokale aktørar overfor media for å ‘skape usikkerhet’ rundt regjeringa sitt framlegg. PR-byrået rådde til å utnytte at ministeren var ny i stillinga.

Også to andre PR-byrå tok del i kampanjen, der både ordførarar og hamnesjefar kom med utspel.

Les meir på NRK