Amnesty-årsrapport 2021: Nasjonalisme og rasisme, dårlegare ytringsfridom

Covid-vaksine. Pixabay-lisens, fri bruk
Covid-vaksine. Pixabay-lisens, fri bruk*
Amnesty rettar hard kritikk mot det dei kallar mangel på moralsk kompass mellom vestlege leiarar. – I staden for å styra på ein genuin og meiningsfull måte, trekte leiarane i verda seg attende i holene sine  av nasjonal interesse, skriv generalsekretær Agnès Callamard i Amnesty i forordet til årsrapporten frå organisasjonen.

Callamard meiner det er vanskeleg å ikkje sjå rasismen i at ein halv milliard vaksinedosar kan ha gått ut på dato i vestlege land, og ikkje blei nytta. – Dei administrerande direktørane og investorane kunne hente ut store overskot medan dei som desperat trong vaksine blei bedne om å vente, eller døy, seier Callamard.

Amnesty reagerer også sterkt på at Polen og andre EU-land forsøkte å undergrave FNs flyktningkonvensjon i løpet av fjoråret. EU og Norge si støtte til kystvakta i Libya i bytte mot at denne hentar båtflyktningar attende til land, blir òg kritisert. I Libya blir flyktningane utsette for vald, overgrep, utpressing og tvangsarbeid.

Fleire dystre trekk ved fjoråret var at 67 land vedtok nye lover for å avgrense ytringsfridomen, og at Israel kan ha stått bak krigsbrotsverk ved drap på 242 palestinarar. Amnesty held fast ved påstanden om at Israel praktiserer apartheid overfor palestinarane.

Les meir på Nettavisen