Alle framlegg til forbetringar av naturmeldinga forkasta

Landmåling, Foto Muharrem Alper, Pexels lisens
Landmåling, Foto Muharrem Alper, Pexels lisens*
Naturmeldinga frå regjeringa fekk hard kritikk frå mange hald då den blei lagt fram i haust. 40 aktørar i næringslivet, klima- og miljørørsla, fagrørsla og akademia gjekk saman om et opprop om å auke ambisjonane.

I Stortinget blir no alle dei 133 framlegga til forbetringar røysta ned av Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Framstegspartiet. Mellom dei er ei rad framlegg frå Høgre, mellom anna:

  • Vurdere strengare krav til kommunane
  • Vurdere arealrekneskap i både fylke og kommunar
  • Etablere nasjonalt oversyn over grå areal
  • Utarbeide forskrift for konsekvensutgreiingar
  • Nasjonal plan for restaurering av natur
  • Stortingsmelding om verkemiddel for å betre tilstanden for villaksstammane
  • Vurdere arealplaner for havforvalting

Les meir på Naturvernforbundet